Hopp til hovedinnhold
Plakat for Rushmore (1998)

Rushmore

Film
4

Kjekk film av Wes Anderson med hjelp av Owen Wilson på manusarbeidet. Filmen har Jason Schwartzman i hovudrolla og Bill Murray som viktig birolle, samt gjentakande framsyningar av Brian Cox, Luke Wilson og den mindre kjente Andrew Wilson.

Ein high school-film i særklasse krydra med merkbare karakterar. Med ei meir alvorleg historie og god musikk. Ikkje ein typisk amerikansk high school-film med seniors og vill festing, men ei meir sofistikert og smart forteljing om ein vaksen 15-åring som har det meste bortsett frå akademisk talent.

Det varme ved filmen får god plass hjå Noah Gittell på Good Eye Movies and Baseball (noahgittell.substack.com). Han meiner den særprega dialogen fungerer fordi Max sjølv oppfører seg som om han spelar i ein film. Det er ei fin forklaring på kvifor dette kjennest annleis enn den vanlege skulekomedien. Jason Schwartzman gir den sjølvhøgtidelege femtenåringen eit eige uttrykk, utan at den meir alvorlege historia forsvinn bak påfunna.

Humoren er naturleg nok i retning av The Royal Tenenbaums, men på motsett side av den filmen i forhold til den nyare, og meir krevjande, The Life Aquatic with Steve Zissou.