
Sabotage
Sabotage er ein kort film av Alfred Hitchcock frå 1936 på knappe 70 minuttar.
Det trengs ikkje meir tid heller til å fortelje historia som er grunnlag for filmen. Ein kinoeigar har ein finger med i spelet når kraftverket i byen blir sabotert og stoppar å levere straum.
Om bruken av ordet sabotasje i filmen er det interessant å kople til dagens tolking av denne type handling. Aviser ville kaste seg over saka og proppa oss full av overskrifter med terror.
Heldigvis kjem me unna terrorsnakket i denne filmen. Her er motiva andre. Dei er kanskje litt for godt skjult, så filmen blir litt uklar. Han er på sett og vis god nok, men samanlikna med andre Alfred Hitchcock-filmar synest eg at han blei tam. Og i denne samanhengen hadde eg vanskeleg for å tenke på anna enn at Alfred Hitchcock stod bak.
Motiva er heller ikkje opplagde for skribenten på Serendipity3864 (serendipity3864.wordpress.com). Omtalen stiller spørsmål ved kvifor Verloc handlar som han gjer, men meiner den veksande uroa til kona held spenninga oppe trass i veikskapar ved historia. Der blir me mindre samde. Eg saknar eit sterkare grunnlag, medan denne lesinga finn nok i mistanken mellom menneska til å rekne filmen blant dei beste tidlege verka til Alfred Hitchcock.
Det er altså grei underhaldning dette, og sidan filmen er kort blir det ikkje særleg mykje daudtid. Grunnlaget for filmen er litt tynt, og det merkar eg etter kvart.
