
Safe
Jason Statham med ein pistol i handa på plakaten gir meg ei ganske klar forventing. Eg ser for meg action, krim og thriller av ein type eg har sett han i mange gonger før. Det var også grunnen til at eg valde Safe.
Luke Wright (Jason Statham) skal verne ei ung jente som fleire kriminelle grupper vil ha tak i. Ho har opplysningar dei treng. Han har evnene som skal til for å halde dei unna. Då ligg mykje til rette for den typen film eg hadde lyst på.
Nick Schager på Slant Magazine (slantmagazine.com) er kritisk til den innfløkte handlinga, men meiner Jason Statham og den fysiske krafta i slåstkampane løftar filmen. Eg er nøgd med det eg får. Dette leverer omtrent så godt som eg håpa.
Forholdet til jenta gir filmen eit snev av hjarte. Det er nødvendig motivasjon, synest eg. Eg treng ikkje noko stort kjensledrama, men det hjelper at det finst ein grunn til alt han må gjennom. Safe gir meg eit greitt grunnlag og actionen eg kom for.
