Hopp til hovedinnhold
Plakat for Safe Haven (2013)

Safe Haven

Film
3

Safe Haven er Nicholas Sparks. Mannen som har skrive bøkene som har blitt til The Notebook og Dear John. Romantikk oppstår på ein liten idyllisk stad. Men noko lurer i bakgrunnen, så lykka er ikkje utan hindringar.

I tilfelle til Safe Haven er utgangspunktet heltinna vår, Katie, portrettert av Julianne Hough. Ho flyktar frå ei valdeleg fortid, og søker ly i ein idyllisk småby ved kysten i North Carolina. Der møter ho enkemannen Alex (Josh Duhamel), og eit forhold utviklar seg gradvis, før fortida kjem for å heimsøke Katie.

Dette blei ein liten favoritt mens eg så han. Sjølv om han ikkje briljerte, så er det ein solid og fin film. Det er nok av dramatikk, det er eit fint forhold på trappene, og miljøet er nydeleg. I grunn var det ikkje meir eg håpa på heller. Gongen i filmen er opplagt, og han er sånn sett best der og då, og ikkje når eg tenker på kva som vil skje seinare i filmen. Men ei og anna overrasking var også på plass.

Den varme kjemien mellom Julianne Hough og Josh Duhamel får ros også av Stephen Watson på Just Another Movie Blog (dillypogo-reviews.blogspot.com). Elles meiner han filmen følger oppskrifta for tett og blir for kjensleladd på velkjende måtar. Eg får meir ut av akkurat denne pakken. Det fine miljøet, forholdet som veks fram og dei varsla problema gir meg ei god oppleving, sjølv om retninga sjeldan er særleg vanskeleg å gjette.

Som med andre filmar basert på bøker av Nicholas Sparks, så er dette ein trygg film å satse på, om du likar dei andre. Produksjonen er god, og skodespelarane er gode.