Safe Haven - Filmdagbok

Safe Haven 2013

Safe Haven er Nicholas Sparks. Mannen som har skrive bøkene som har blitt til The Notebook og Dear John. Romantikk oppstår på ein liten idyllisk stad. Men noko lurer i bakgrunnen, så lykka er ikkje utan hindringar.

I tilfelle til Safe Haven er utgangspunktet heltinna vår, Katie, portrettert av Julianne Hough. Ho flyktar frå ei valdeleg fortid, og søker ly i ein idyllisk småby ved kysten i North Carolina. Der møter ho enkemannen Alex (Josh Duhamel), og eit forhold utviklar seg gradvis, før fortida kjem for å heimsøke Katie.

Dette blei ein liten favoritt mens eg så han. Sjølv om han ikkje briljerte, så er det ein solid og fin film. Det er nok av dramatikk, det er eit fint forhold på trappene, og miljøet er nydeleg. I grunn var det ikkje meir eg håpa på heller. Gongen i filmen er opplagt, og han er sånn sett best der og då, og ikkje når eg tenker på kva som vil skje seinare i filmen. Men ei og anna overrasking var også på plass.

Som med andre filmar basert på bøker av Nicholas Sparks, så er dette ein trygg film å satse på, om du likar dei andre. Produksjonen er god, og skodespelarane er gode.