
Safety Not Guaranteed
Ein annonse etter nokon som vil vere med på ei tidsreise, er eit godt utgangspunkt for ein film. Det er vanskeleg å la vere å lure på kven som har sett henne inn. Safety Not Guaranteed sender ein liten gjeng frå eit magasin for å finne det ut.
Det er ein artig gjeng. Aubrey Plaza og Mark Duplass er blant skodespelarane som gjer at eg gjerne følger med. Filmen treng heller ikkje store effektar for å skape interesse rundt ideen sin.
Tom Huddleston på Time Out (timeout.com) rosar dei to hovudrolleinnehavarane, men meiner manus ikkje har så mykje å gå vidare med når premisset først er etablert. Det er ei innvending eg kjenner meg att i. Starten lovar meir enn filmen etter kvart gir meg.
Eg kjem meg ikkje heilt forbi det tullete og useriøse. Det er ikkje eit problem at ein film om tidsreiser leikar med ideen, men her held ikkje leiken interessa mi oppe heile vegen. Eit godt påfunn og likande skodespelarar gir ein grei film, utan at han blir så god som han kunne ha blitt.
