
Sailing with Bushnell Keeler
Sailing with Bushnell Keeler er ein heimevideo av David Lynch, og blant det tidlegaste han er kreditert for.
Han viser som tittelen seier ein segltur, med ein fyr som heiter Bushnell Keeler, David Lynch og ein annan person.
Det heile er ikkje så veldig interessant i seg sjølv. Men i lys av at det er tidleg David Lynch-laga, så kan eg sjå litt meir nøye på det.
Her klarar han med enkle grep som tempo på avspelinga og bildeutsnitt å skape ein atmosfære som står i kontrast med den idylliske seglturen.
Kor mykje kan eigentleg ligge i ein liten heimevideo? DBC på Letterboxd (letterboxd.com) legg vekt på korleis filmen fangar kjensla av denne dagen og set henne opp mot omgjevnadene. Omtalen skildrar han som både vakker og urovekkande, med eit tydeleg David Lynch-preg. Det er nettopp denne spenninga mellom ein vanleg segltur og noko mindre idyllisk som gjer at eg finn meir å sjå etter enn handlinga åleine skulle tilseie.
