
Sakasama no Patema
Handlinga i Sakasama no Patema, engelsk tittel Patema Inverted, finn stad i ei verd der gravitasjonen verkar motsett for to fraksjonar. Ein som bur over bakken, og ein som bur under. Me følger jenta Patema som bur under, men kjem seg til overflata og møter guten Age.
Filmen er veldig god på å få fram effekten og sidene den motsette tyngdekrafta har på dei to karakterane. Og på å anarkjenne at dette er så sentralt i filmen som det er at det skal gjennomsyre alt, utan at det blir overforklart noko som helst underveg. Verda er grundig bygd opp. Dei realistiske situasjonane gjer handlinga truverdig.
Kameraet skiftar perspektiv ofte for å uttrykke kjenslene til hovudkarakterane, ved å snu utsnittet opp ned. Handlinga utfaldar seg sakte, men sikkert mot eit vakkert landskap som bakteppe. Det er plass til å utforske mange store tema, som tillit og frykt. Og til ein hovudskurk som er ein gal diktator.
Å snu perspektivet blir meir enn eit visuelt påfunn. På What’s In My Anime? (rangeranimereviews.wordpress.com) blir den filmatiske framstillinga rosa, sjølv om skifta mellom tyngderetningane kan vere desorienterande. Skribenten likar òg at forholdet mellom dei to hovudpersonane får utvikle seg naturleg. Eg tykker at desse sidene heng fint saman. Når me får kjenne kor utrygg den andre si verd er, blir tilliten mellom Patema og Age lettare å forstå.
Den animerte stilen er gjennomført. Midt i blinken for meg. Nokre humoristiske element gir ein lettare tone, mens alvoret er i bakgrunnen heile vegen.
Sakasama no Patema hadde ei engasjerande historie som held meg på tå. Eg likte kor mykje dei klarte å la tyngdekrafta og høgdekjensla kome fram i bilda.
