Hopp til hovedinnhold
Plakat for Samâ wôzu (2009)

Samâ wôzu

Film
4

OZ er ei virtuell verd som heile verda har trekt mot. Alt frå forretningsdrift og sport til integrasjon mot livsviktige tenester.

Ein trussel truar OZ samtidig som protagonisten er på familietreff med familien til dama han latar som han er typen til.

Samâ wôzu, eller Summer Wars, er ei fin blanding av science fiction, komedie og familiedrama. Av komedie er det mengder av rar humor, ikkje utypisk. Filmen klarar blandinga godt. Det er god atmosfære, godt driv og ein dose real spenning også. For ikkje å nemne visuelt tiltrekkande.

Det er originalt, verdt tida si, og dermed går to timar fort unna.

Nick Schager på Time Out (timeout.com) meiner vennskapet og fellesskapet er det som gir filmen sjel. Han ser den virtuelle og den fysiske verda som spegelbilete av kvarandre, framfor konkurrerande delar av historia. Det passar godt med blandinga eg likar så godt her. Familietreffet gir dataeventyret noko menneskeleg å stå på, og dei visuelle påfunna får vere både sprø og spennande utan at filmen mistar samanhengen.