Sarah Silverman: Jesus Is Magic - Filmdagbok

Sarah Silverman: Jesus Is Magic 2005

Når ulike folk sa at dette var bra, så hadde eg absolutt ingen voner om at det var så bra som det var. Her er ein film som eg kjem til å plassere der oppe blant mine favorittar blant standupkomikarar, som er Jimmy Carr og Pablo Francisco.

Sarah Silverman går eit stykke ekstra over streken samanlikna med dei to nemnt over. Ho held seg over den streken i omtrent heile showet sitt. Det er ein bra ting, for ho har ei utstråling og ein person som utan problem ror i land det ho tullar med. Personleg godkjenner eg alt det stygge ho seier her på eit komisk grunnlag. Det same med den ultragrove tonen på seksuelle preferansar.

Det skader ikkje at Sarah Silverman er søt heller. Så når alle vitsane og dama er på plass, og gode songnummer avløyser innimellom, så blir dette solid pott. Og når det har seg at dama starta eige show på Comedy Central, så lovar jo dette bra for både ny og gammal fans.