Mitt første møte med Sarah Silverman som komikar var i 2007 med spesialen Sarah Silverman: Jesus Is Magic. Eg likte humoren som var på kanten, dei musikalske innslaga, og korleis alt var gjort med et søtt smil.
I ettertid har eg sjeldan sett meir til ho, bortsett frå ein episode av serien The Sarah Silverman Program, som ikkje slo an. Det gjorde heller ikkje Sarah Silverman: We Are Miracles, då eg nyleg så denne HBO-spesialen. Det har nok med preferanse å gjere, og min er ikkje lenger dei dristige og grisete vitsane til Sarah Silverman. Noko med framsyninga gav meg også eit inntrykk av at ho ikkje trur fullt og heilt på at det ho seier er artig heller, og dette smittar.
Sarah Silverman: We Are Miracles er ein bortkasta time, der svært få vitsar og poeng får meg til trekke på smilebandet. Eg legg skulda på materiale, og ikkje talentet, for det var nok av vitsar då ho gjesta Comedians in Cars Getting Coffee i 2013, som var sist gang eg såg ho i noko.