Save the Date - Filmdagbok

Save the Date 2012

Sarah flyttar inn med typen, men var allereie i ferd med å bli usikker på om det var rett. Når han fri til ho er det slutten.

Det tar ikkje lang tid før ho får seg ein ny type, der begge er meir på bølgelengde om det uhøgtidelege forholdet dei utviklar. Inntil det skjer noko som snur situasjonen på hovudet.

Save the Date er ein passe typisk romantisk komedie. Med sine nedturar og oppturar, og få overraskingar. Skodespelarensemblet er eit kjent og solid eit, med Lizzy Caplan i spissen. Miljøet er ungt og hipt, men ikkje i overkant. Ein del alternative romantiske komediar, sett opp mot dei vanlege studiofilmane, har det med å ta realismen ut av bilde.

Eg tenker i hovudsak på at deler av handlinga og bustadane krev midlar, men at det blir fullstendig oversett. Her var Save the Date eit fint unntak. Små innspel og tilpassingar heile vegen gjorde miljøet realistisk. Med færre hinder på vegen opna det for å underhalda lettare.

Save the Date var ein god film som evna til å more og røre, og som overraska ved å heve seg til eit respektabelt nivå. Det kan ha med forventingar å gjere, men det har også med handling og skodespel å gjere.