
Saved!
God film sett bort frå alt tullet om Jesus.
Vel, når du tek bort det så er det vel ikkje så mykje igjen av filmen, men han var fin. Eg hadde trudd at meininga med filmen var å omvende publikum, men det verka ikkje sånn på meg. Heller motsett. Og takk for det. Hadde det vore meininga så hadde eg slakta filmen på null komma niks.
Jeffrey M. Anderson på Combustible Celluloid (combustiblecelluloid.com) meiner satiren er best i starten, før filmen glir over i vanlege tenåringsgrep og gjer motstandarane for einsidige. Han saknar eit skarpare oppgjer med miljøet. Eg var mest letta over at filmen ikkje prøvde å omvende meg. Det er altså ikkje heilt same innvendinga, men omtalen gir noko å tenke på. Å gjere narr av dei sjølvrettferdige er éin ting, å få meir ut av personane er noko anna.
