Hopp til hovedinnhold
Plakat for Saw III (2006)

Saw III

Film
1

Den tredje filmen i torturserien Saw er ikkje noko tess. Sjuke torturscener og reinspikka lyst til å drepe er innhaldet her. Ei slags historie, og nokon forklaringar til tidlegare filmar er ideen her, og det er eit langdryge skode. Dessutan er det så overdrive groteske bilde, som dei godt kunne spart seg for å vise så detaljert, og ikkje hatt noko problem med å gjere det heile til ein fæl film.

Saw III er exploitation av grovaste sort, og eg skjønnar ikkje heilt kvifor han kom på kino. Dette er meir film rett på video, og har verken solide skodespelarar eller spesielt god historie. Kamera og klippinga er det verste og mest irriterande eg har sett på lenge, og øydelegg det som er igjen å øydelegge. Det blir med andre ord ein uuthaldande film, og det seier ein som tykte at Saw var noko nytt, og Saw II også gjekk an. Hald deg borte frå denne, det er ingen ting å hente her. Og la det vere sagt, eg hadde eigentleg trudd denne skulle vere grei.

Alle forklaringane gjer heller ikkje nødvendigvis filmen meir spennande. Skribenten på Joe’s Horror Reviews (horrorreviewsbythecollective.wordpress.com) meiner at overflødige scener og for mykje bakgrunnsstoff gjer vendingane lettare å føresjå. Han finn meir å like i både manuset og enkelte prestasjonar enn eg gjer, men innvendinga mot klippinga er interessant. For min del blir verken samanhengane med dei førre filmane eller dei mange forklaringane noko som reddar denne opplevinga.