Hopp til hovedinnhold
Plakat for Scarface (1983)

Scarface

Film
4

Scarface er blant det mest utprega innanfor amerikansk gangsterfilm på 1980-talet. Scena er Miami, og kontrastane mellom den mørke kriminaliteten og det solrike ytre som gangsterane viser fram er sterke.

Al Pacino spelar i eit av sine beste roller i livet. Det er som sint mann eg vil hugse han best, og her får han verkeleg høve til å ta av.

I løpet av dei nesten tre timane filmen varer blir me fortalt historia om Tony Montana som startar i det små, men blir ein av dei mektigaste og farlegaste narkobaronane i Miami. Dess meir han stig i gradene, dess meir mistar han sine gode sider.

Filmen har hatt innverknad i ettertid, og det er ikkje rart. Her er det mange minneverdige scener. Som når Tony Montana har skrivebordet fullt av kokain og dynkar hovudet sitt i ein haug full. Eller når han står på toppen av trappene i inngangspartiet til villaen sin med eit maskingevær i kvar hand og ropar.

Scarface held seg godt, har ein plass i filmhistoria som ein film med innverknad, og er ei generelt god oppleving og ei anbefaling frå mi side.

Skribenten på TSorensen 1001 Movie Blog (tsorensen1001.blogspot.com) blir mest fråstøytt av sinnet og sjølvopptekenheita til Tony Montana. Omtalen stiller òg spørsmål ved korleis ein så sjølvøydeleggande mann kan halde seg på toppen så lenge. Eg er langt meir begeistra for det Al Pacino får ut av rolla. At mannen blir vanskelegare å like, øydelegg ikkje opplevinga for meg. Den veldige framtoninga er ein del av det som gjer både oppgangen og fallet så minneverdige.