Scarface er blant det mest utprega innanfor amerikansk gangsterfilm på 1980-talet. Scena er Miami, og kontrastane mellom den mørke kriminaliteten og det solrike ytre som gangsterane viser fram er sterke.
Al Pacino spelar i eit av sine beste roller i livet. Det er som sint mann eg vil hugse han best, og her får han verkeleg høve til å ta av.
I løpet av dei nesten tre timane filmen varer blir me fortalt historia om Tony Montana som startar i det små, men blir ein av dei mektigaste og farlegaste narkobaronane i Miami. Dess meir han stig i gradene, dess meir mistar han sine gode sider.
Filmen har hatt innverknad i ettertid, og det er ikkje rart. Her er det mange minneverdige scener. Som når Tony Montana har skrivebordet fullt av kokain og dynkar hovudet sitt i ein haug full. Eller når han står på toppen av trappene i inngangspartiet til villaen sin med eit maskingevær i kvar hand og ropar.
Scarface held seg godt, har ein plass i filmhistoria som ein film med innverknad, og er ei generelt god oppleving og ei anbefaling frå mi side.