Scary Movie 4 - Filmdagbok

Scary Movie 4 2006

No skal eg ikkje skryte dei førre filmane i serien opp i skyene, for Scary Movie har aldri vore noko spesielt merkverdig, men Scary Movie 4 er vel eigentleg like greit å oversjå.

Eg hadde absolutt ingen forventingar til filmen, og blei på ein måte overraska når det viste seg at det faktisk var ei historie her. Historie med sarkastisk undertone fordi det eigentleg er The Grudge og War of the Worlds som blir ekstra parodiert og hamnar i midten. Filmen går Date Movie ein høg gang og, så vurdert på den måten er dette ein ok film.

Skal du derimot sjå nærare på filmen, så er det berre mange lause bitar som ikkje heng saman. I eit forsøk på å skape så mykje moro som mogleg har dei prøvd å parodiere ein god del over heile linja, der nokon filmar går opp igjen. To av desse nemnde eg tidlegare, ein annan er Brokeback Mountain. Eg sit igjen med kjensla av at filmen har jobba for lite med kvar enkelt parodi, og spedd på ein solid dose fysisk humor for å kompensere for dårleg skodespelararbeid.

Craig Bierko og Anna Faris er hovudpersonane her. Craig Bierko som ein parodi på Tom Cruise og Anna Faris som ein parodi på Sarah Michelle Gellar. Førstnemnte er til tider mogleg å sjå likskapen i, og sluttscena som er ein parodi på The Oprah Winfrey Show er faktisk ganske festleg. Men likskapen mellom Cindy Campbell (Anna Faris) og Sarah Michelle Gellar såg eg aldri. Sarah Michelle Gellar er ein person som aldri heilt har stått fram i media som ei utruleg særeigen dame. Det blir difor eit dårleg trekk å ha Anna Faris med her, men poenget med Cindy Campell var nok kanskje meir for å ha ei greie som filmane heng saman om. Scary Movie 5, som er annonsert for 2008, er ingen unntak.

Som mange andre Hollywood-komediar, for å gi eit felles kallenamn på det meste av det dei store studio spyr ut med, så er det dei små glimta innimellom som klarar å halde filmen i live. Eg har vore borti fleire komediar som trass i betre samanheng i handling og historie har vore verre enn dette. Men la oss håpe det aldri blir en Scary Movie 5.

Avsluttingsvis vil eg komme med ein påstand. Eg tør påstå at folk som ikkje har sett filmane som blir parodierte, med unntak av avsluttingsscena, vil ha det neste like kult å sjå denne filmen som andre.