Hopp til hovedinnhold
Plakat for Schindler's List (1993)

Schindler's List

Film
4

Ein polsk fyr går det ekstra steget for å verne dei jødiske arbeidstakarar frå nazistane under andre verdskrig.

Schindler's List er basert på ei sann historie og handlar om Oskar Schindler, og evna hans til å hindre 1100 jødar i frå å bli sendt til konsentrasjonsleirar.

Det er ein film som bygger seg opp med stadige glimt av håp, følgd opp av nye håplause reaksjonar. Me kjenner alle til trusselen, og veit at tida er det einaste som kan vinne. Dette tilfører Schindler's List ei ubehageleg, men nødvendig spenning for å fungere som film.

På ei anna side er dette viktig historieforteljing om Holocaust, og eit svært sterkt drama.

Alt det filmen gjer rett, og alvoret det handlar om, hindrar meg likevel ikkje i å vere litt kritisk. Dette er ein langdryg film, og med Steven Spielberg bak spakane har det også blitt litt for føreseieleg. Visse grep og teknikkar han brukar hindrar filmane hans i å bli særeigne nok, men tilfører dei ein litt for trygg struktur.

Eg er heller ikkje åleine om å reagere på nokre av dei tydelegaste kjenslegrepa. Alistair Nunn på Movie Musings (moviemusings.uk) meiner Schindler sitt avsluttande samanbrot blir for manipulerande, som om filmen må understreke noko me alt har forstått. Han vurderer likevel filmen svært høgt. Den kombinasjonen gir meining for meg òg. Eg kan bli sterkt gripen av historia og samstundes merke at regissøren styrer reaksjonane litt for tydeleg.