Den andre London-filmen til Woody Allen med Scarlett Johansson var den tredje og siste filmen eg så på Kinoens dag, og klart dagens beste. Grunn til dette er at Scoop er meir ein film å følge med på enn ein film å sjå. Slik som Fritt vilt og You, Me and Dupree, som fungerte greit som underhaldning, men eg ikkje la meir i enn det.
Scoop er morosam, lys, spennande og smart. Den handlar om ein journalist, ein tryllekunstnar og ein tarotkortmordar, kort fortalt. Med tryllekunstnaren (Woody Allen) får journalisten (Scarlett Johansson) støtte til å finne ut kven seriemordaren the tarotcard killer kan vere.
I god Woody Allen-stil består filmen av ei blanding av smart og enkel humor, innsikt i høgkultur og engelsk overklasse og ein litt frustrerande Woody Allen. Men ikkje så mykje frustrerande at det blir slitsamt.
Og kva kan eg seie, Scarlett Johansson er utruleg sjarmerande og er med på å gjere filmen til ei fullverdig kinooppleving. Eg kan ikkje gjere anna enn å anbefale denne.