Hopp til hovedinnhold
Plakat for Se7en (1995)

Se7en

Film
4

Dei sju dødssyndene, hovmod, griskheit, attrå, misunning, fråtsing, sinne og latskap, er grunnlaget for ein serie mord som blir gjort i eit meir lugubert strøk av ein uspesifisert amerikansk by. Detektiv Mills i form av Brad Pitt og Morgan Freeman som detektiv Somerset blir sett på saka å finne ein mordar som er smart, intellektuell og ikkje minst galen.

Nervepirrande er stikkordet her. Nesten alle scenene er gjennomført på ein så god måte at eg må smile, trass i dei grufulle syna av mishandla kroppar og den pressande atmosfæren som ligg over heile filmen. Som ei scene når Mills og Somerset ventar på gangen på politistasjonen, og Mills skal legge seg ned og kvile med hovudet på armlene i sofaen dei sit i. Han løftar seg litt, dyttar vekk askebegeret som tydelegvis står for nære og luktar vondt, og så legg seg ned igjen. Berre som ei lite eksempel på regissør David Fincher sin sans for detalj.

Desse to detektivane er eit radarpar utan like, så ulike, men også så like i si sak. Det er denne perfekte samansettinga som gjer filmen, og ein provoserande slutt. Blod, gørr og grufulle hendinga kan jo filmar som Saw kopiere utan problem. Så dommen er klar, tommel opp til Brad Pitt og Morgan Freeman.

Det er lett å snakke mest om dei ubehagelege funna, men samspelet er minst like viktig. Brendan Hodges på Keeping It Reel (keeping-it-reel.com) meiner at skilnadene mellom etterforskarane skaper ei spenning som også gjer dei rolege samtalane engasjerande. Der møtest me. Brad Pitt og Morgan Freeman gir oss meir enn to personar som skal føre handlinga vidare, og nettopp derfor fungerer filmen så mykje betre enn rein oppvising i gru.