Se7en - Filmdagbok

Se7en 1995

Dei sju dødssyndene: Hovmod, griskheit, attrå, misunning, fråtsing, sinne og latskap er grunnlaget for ein serie mord som blir gjort i eit meir lugubert strøk av ein uspesifisert amerikansk by. Detektiv Mills i form av Brad Pitt og Morgan Freeman som detektiv Somerset blir sett på saka å finne ein mordar som er smart, intellektuell og ikkje minst galen.

Nervepirrande er stikkordet her. Nesten alle scenene er gjennomført på ein så god måte at eg må smile, trass i dei grufulle syna av mishandla kroppar og den pressande atmosfæren som ligg over heile filmen. Som ei scene når Mills og Somerset ventar på gangen på politistasjonen, og Mills skal legge seg ned og kvile med hovudet på armlene i sofaen dei sit i. Han løftar seg litt, dyttar vekk askebegeret som tydelegvis står for nære og luktar vondt, og så legg seg ned igjen. Berre som ei lite eksempel på regissør David Fincher sin sans for detalj.

Desse to detektivane er eit radarpar utan like, så ulike, men også så like i si sak. Det er denne perfekte samansettinga som gjer filmen, og ein provoserande slutt. Blod, gørr og grufulle hendinga kan jo filmar som Saw kopiere utan problem. Så dommen er klar, tommel opp til Brad Pitt og Morgan Freeman.