
Sebastian's Voodoo
Sebastian's Voodoo er ein tre minuttar lang kortfilm frå 2008. Det er ein animert sak om ei voodoodokke som må redde ei anna frå å bli stukke i hel.
Det er ein original ide, og som lengda tilseier så er dette ein kompakt sak som gjer det meste ut av tida og denne ideen.
All animasjon er ikkje topp, og det betyr litt. Eg forventa ein del av animasjonsfilmar no til dags, spesielt når det er snakk om ein prisvinnande kortfilm som denne.
Det visuelle får langt meir ros av Patrick Zimmerman på Et Cetera – Publick and Privat Curiosities (disembedded.wordpress.com). Han meiner den mørke animasjonen og musikken skaper sterk spenning, og les historia som eit spørsmål om kor langt me vil gå for å verne ein venn. Eg er meir atterhalden til utføringa. Ideen og den kompakte forteljinga fungerer, men for meg er ikkje alle dei animerte detaljane på høgde med potensialet.
