Hopp til hovedinnhold
Plakat for Second Chance Christmas (2017)

Second Chance Christmas

Film
3

I Second Chance Christmas møter me eit par som får ein ny sjanse til å vere i lag. Kvinna i ekteskapet, Caroline, blir påkøyrt på veg til å levere skilsmissepapira. Dokument som mannen i ekteskapet, Jack, har signert i trua på at det var andre dokument. Då Caroline vaknar igjen har ho gløymt dei siste åra i livet sitt.

Jack nyttar sjansen til å prøve å skape forholdet deira på nytt. Han dekkar over det han trur har ført til avstanden mellom dei to, og vil skape det første lukkelege året dei hadde i lag på nytt. Blant anna seier han til Caroline at dei likte å ha det rotete, så han skal sleppe å rydde. Medan sanninga var at Caroline var eit ordensmenneske.

Filmen er ein grei romantisk komedie med eit føreseieleg utfall. Det er artig og enkel underhaldning, og filmen har eit godt driv. Men det er verken mykje nytt å hente her, eller ei meir enn god nok gjennomføring. Filmen er ein typisk billeg produksjon av ein julefilm, laga for video eller tv. Med falsk snø, innspelingar ute på ei anna årstid enn vinteren.

Samspelet mellom hovudpersonane blir trekt fram av BTSCELEBS (btscelebs.com). Skribenten likar historia og meiner skodespelarane passar godt i rollene. Eg blir mindre begeistra, men finn òg nok sjarm til at filmen fungerer som enkel underhaldning. Det gode drivet hjelper mykje, sjølv om utfallet er lett å sjå føre seg og produksjonen har tydelege avgrensingar.