Hopp til hovedinnhold
Plakat for Semi-Pro (2008)

Semi-Pro

Film
2

Will Ferrell er Jackie Moon i Semi-Pro frå 2008, ein komedie om basketball og musikk. Filmen føyer seg inn i rekka av dei svakare filmane med Will Ferrell, og er altså ein av dei mange sportsrelaterte filmane hans.

Filmen byr på passe med latter, men ikkje nok. Elles er det ei tynn og tåpeleg historie, med få gode poeng. Det verkar som det ikkje er lagt spesielt godt arbeid i å få dette til å bli ein kvalitetsfilm.

Daniel på Getafilm (getafilm.blogspot.com) finn nokre gode augneblinkar med Will Ferrell, men meiner den fysiske humoren blir utsliten og at filmen ikkje veit heilt kva han vil gjere narr av. Han får også glede av fleire i laget rundt hovudrolla. Det er lett å kjenne att denne blandinga. Eit godt komisk ensemble kan skape enkeltståande latter, men her blir det for lite som bind dei gode påfunna saman.

Den einaste grunnen til å sjå dette forutan Will Ferrell som i seg sjølv er ein morosam fyr, er å sjå den solide samla gjengen av kjente komiske skodespelarar som er her.