
Seolgungnyeolcha
Eg har det med å kategorisere film på mange ulike måtar. Formålet er å kunne finne liknande filmar eg vil sjå eller unngå.
Seolgungnyeolcha hamnar i ein kategori over raske, konkrete actionfilmar, som ikkje nødvendigvis oppfyller ideane om ein storfilm, men som har sin eigen plass blant filmar eg gjerne ikkje får med meg før ei stund etter lansering. Andre eksempel her er spreke filmar som Crank: High Voltage, Wanted, Shoot 'Em Up og Death Race. For å nemne titlane eg kom til å tenke på først.
Handlinga i Seolgungnyeolcha går føre seg på eit tog. Historia til toget er at det må køyre kontinuerleg, gjennom ei verd som er som eit isaude. Heile befolkninga til verda bur på toget. Og det er ei klasseinndeling frå fremst til bakarst.
Klasseinndeling betyr gjerne misnøye, og ting vil sjølvsagt skje både på toget og med toget i ein sånn film. Det fører til god action i ein film med sin eigen vri. Det er både rikt på miljø og idear, samtidig som det er konkret action og avgrensa i plass.
Dei ulike vognene blir som små verdener i omtalen på The United Federation of Charles (unitedfederationofcharles.blogspot.com). Skribenten likar korleis scenografien fortel om samfunnet, medan den brutale actionen er ein del av historia framfor eit tillegg. Det er mykje av det same eg får ut av filmen. Den avgrensa plassen gjer han konkret, samstundes som kvart nytt rom gir meir å oppdage.
Og det er tøft.
