Seraphim Falls - Filmdagbok

Seraphim Falls 2006

Det er i etterkrigstida til den amerikanske borgarkrigen. Ein mann jaktar ned ein annan, for å ta hemn for noko som skjedde under krigen. Me får frå første minutt oppleve ei heseblesande og blodig jakt. Og etter kvart som filmen utspelar seg får me gradvis fortalt bakhistoria. Seraphim Falls er ein god film på å dosere ut dette, og held meg stort sett engasjert mesteparten av tida. Men det sit ikkje heilt som støypt, utan at eg heilt klarar å setje fingeren på kva som skulle ha vore gjort annleis.