Hopp til hovedinnhold
Plakat for Serial Mom (1994)

Serial Mom

Film
2

Filmen handlar om ein husmor (Kathleen Turner). Ho lev eit tilsynelatande vanleg liv med familien sin. Ho har eit sterkt behov for orden og kontroll, og når folk bryt reglane hennar kjenner ho på tronga til å straffe dei.

Handlinga ligg i skiktet mellom komedie og noko mørkare. Iallfall forsøktsvis. Men eg tykte sjeldan at komedien traff, og heller ikkje at det som skulle vere grotesk blei det. Kontrastar blir eit viktig verkemiddel. Eit pent forstadsmiljø utad, med mørke handlingar som skjer.

Filmen traff meg ikkje heilt. Han går sin gong, men eg forventa så mykje meir når eg først valde å sjå ein film regissert av John Waters. Noko meir spesielt og særeige. Sjølv om filmen gjer ei greie ut av å etterlikne true crime-sjangeren, så blei det mest med forsøket.

Forventinga om noko meir bitande finn eg att hos Pascal på Saucy Musings (pascalsblogspot.blogspot.com). Han tykker at satiren over mordaren som kjendis har blitt nokså tam, og at filmen heller ikkje er særleg morosam. Samstundes meiner han Kathleen Turner forstår John Waters sitt univers betre enn fleire av dei andre på rollelista. Det liknar mi oppleving av eit lovande påfunn som aldri blei så sært eller treffande som eg hadde håpa.