Serpico - Filmdagbok

Serpico 1973

Før The Godfather og Serpico var Al Pacino eit lite kjent ansikt i filmverda, men med desse filmane tok han publikum med storm før han seinare gjekk tilbake til Francis Ford Coppola og The Godfather: Part II. Lat meg no halde meg til Sidney Lumet og stå over Francis Ford Coppola for denne gang, då eg nyleg har sett Serpico.

Filmen har Sidney Lumet som regissør og Al Pacino i hovudrolla. Han er basert på ei sann historie og fekk Al Pacino nominert for Oscar for beste hovudrolle.

Serpico som kom i 1973 handlar om ein politimann med gode intensjonar, store ambisjonar, men som er på feil plass til feil tid. Frank Serpico er eit kultivert menneske med eit godt hjarte for lova og tar i motsetnad til andre politimenn i distrikta han jobbar for til ulike tider ikkje i mot pengar for å sjå andre vegen. Dette skapar ein god del negativitet rundt han og gjer at han i større grad enn ønska blir splitta frå kollegaene sine.

Filmen startar med at Serpico er på veg til sjukehus med alvorlege skotskadar og set fart i dramatikken frå første minutt.

Filmen støttar seg godt til den fantastiske rolleprestasjonen av Al Pacino. Han er som skapt for filmen, men dette er ikkje åleine om å gjere Serpico god. Sidney Lumet har sete saman bitar som godt manus og god historie for å skape ein god film. Han er på omkring to timar og held koken heile vegen med ei jamn utvikling som gir inntrykk av både tid og aukande frustrasjon som går utover sjåaren, på ein god måte.

Filmen er eksellent og spennande inn til beinet. Ved å vere basert på ei sann historie gir han litt ekstra, noko som ikkje skal bli tatt for gitt då fleire filmar som gjer dette i blant hamnar i haugen med dei som berre lykkast i å bruke det som salstriks.

Al Pacino leverer varene og sjølv om han kan bli sint handlar det ikkje berre om å skrike, noko dei seinare filmane hans gjerne har gjort. Kombiner gjerne Serpico med Dog Day Afternoon og Network for eit herleg Sidney Lumet-hat trick.