Når Qi jian runda av fekk eg plutseleg lyst til å sjå Bonanza, noko som etter alle desse åra ville ha ført til eit stort vonbrot. Ved vidare ettertanke kan dette komme av at når filmen her gjorde seg ferdig, så var det eit eller anna som traff meg på ein måte resten av filmen ikkje klarte.
Qi jian er ein litt klumsete film, som i rotete og uoversiktleg, eit minus som det ikkje er til å komme unna. Det blir for mange ansikt og namn på ein gong, eit problem som blir verre for meg når det gjeld asiatisk film, noko eg synst vil vere tullete å legge skjul på.
Eg klarar aldri å leve meg inn i filmen, og bryr meg lite om korleis dei sju sverdkjemparane møtes og slåst i lag. Sjølve sverdslåstinga er jo fin, rask og smidig. Dette saman med ei litt trist scene der dei må sleppe laus noko hestar, er det einaste som gjer inntrykk. Litt rart med tanke på kva filmen eigentleg handlar om.
Filmen heiter Seven Swords på engelsk.