Utradisjonell, men tradisjonell. Severance er ein komisk grøssar som er svært oppmerksam på sjangeren sin, men likevel ikkje går over streken. Han er komisk og skrekkinngytande på ei og same tid.
Med utradisjonell meiner eg at han klarar å ta avstand frå den type grøssar som er sett til ein skog lang borte, der ei gruppe folk blir oppsøkt av ein eller fleire personar som er glade i å drepe. Der kom også det tradisjonelle inn i bilde, for det er nettopp ein slik film.
Men overraskingane ligg ikkje der eg forventar dei, og er heller ikkje slik eg forventar. Severance spelar heller ikkje på rein og skjær grufull vald, likevel om han har dette også.
Det blir altså litt vanskeleg å plassere filmen, for eg vil ikkje ta avstand frå typisk grøssar. Det kan seiast at han klarar å balansere dei elementa som gjer det til ei fornøyeleg oppleving. Akkurat passe med humor, ekte britisk humor, som ved hjelp av lystig musikk her og der gjer meg glad. Gode oppbyggingar med følgjande overraskingar som ikkje skuffar.
Eg kan vel ikkje sei så mykje meir, anna enn at dette er ein film verdt å sjå viss du er ute etter grøssarar.