Plakat for Sex and the City 2

Sex and the City 2

Den andre filmen med Sex and the City-damene var ein nedtur frå både Sex and the City-serien og den første Sex and the City-filmen på fleire måtar. Det verkar som den førre filmen gjorde seg ferdig med å fortelja historia om damene, og denne blir ein unødvendig oppfølgjar.

Det sagt, filmen går heilt greitt ned, men mest på grunn av flyten eg allereie var inni, nyleg ferdig med titlane som er nemnt over. I skrivande stund er det eit par veker siden eg såg Sex and the City 2, og eg hugsar problema som utgjorde den emosjonelle kjerna i filmen som trivielle, også i romantisk drama-samanheng.

Overraskande nok har eg ingen problem med lengda på filmen, som strekk seg opp mot to og ein halv time. Men eg ser ingen grunn til å anbefale filmen vidare.

Sex and the City 2 (2010) – Filmdagbok