Sex and the City - Filmdagbok

Sex and the City 2008

Filmen blei sett like etter at eg fullførte serien Sex and the City, og alt som står her vil spegle dette. Eg såg filmen som om det var ein ekstra lang episode, fire år etter. Og det fungerte utmerka.

Sett på denne måten er Sex and the City ein effektfull sak. Det er mengder av dramatikk, som tar ting både lengre og litt simplare enn serien, men som fungerer godt nettopp på grunn av bakgrunnshistoria. Lengre som i at deler av filmen overdriv så det går, og simplare som i at både åra mellom serien og filmen, og tida i løpet av filmen, eksisterer som si eiga og uforståelege greie.

Det er lett for meg å oversjå manglane i Sex and the City. Fordi eg likte serien, var eg innstilt på å sjå filmen. Fordi det har gått kort tid sidan eg såg serien, har eg ikkje hatt forventingar til filmen som noko ekstra eller spektakulært. At ting blir tatt lengre og er meir glattpolert i filmen, går fordi det er ein film, andre deler her fordi serien byggjer opp under det.

Logikken i begeistringa mi har sitt enkle utspring i interessa mi for karakterane, og i å få deira neste del av livet servert i rasande fart. Innpakkinga og strukturen har sine manglar, men det skjer mykje, og eg godtar at det som skjer passar karakterane. Ei anna sak eg alltid har likt med serien, er New York. Og sjølv om filmen for all del kunne ha handla mykje meir om New York, så er ein liten dose nok til å glede seg over.