Eit banalt namn hindrar ikkje denne komedien i å briljere, som komedie.
Det meste ved historia og framgangen til Sex Drive skulle ikkje tilseie at dette er ein film verdt å merke seg. Men det filmen gjer er å vise at dei små vala som blir gjort i ein produksjon og eit manus, kan ha mykje å sei.
For det som gjer at den elles standard bilturkomedien fungerer godt, er kor stor vekt det er lagt på å utvikle karakterane. Som i seg sjølv ikkje er så spesielle, men som blir behandla som langt meir enn enkle brikker i eit ledd av obligatoriske møter. Dette er altså mitt inntrykk av mange bilturkomediar som feilar, men ikkje Sex Drive altså.