Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sex Ed (2014)

Sex Ed

Film
3

Ein ung fyr ønsker å bli lærar. Han tykker at seksualundervisning er viktig, og han er jomfru sjølv. Han endar opp som lærar for ein spesialklasse, og gjer i grunn suksess med undervisninga, men møter ein viss motstand frå foreldre.

Haley Joel Osment ber fint den elles heilt greie Sex Ed på sine skuldrer. Han er som støypt for rolla han har her, med sitt halvt vaksne, halvt barnlege, uttrykk. Fyren har som alle andre blitt eldre sidan The Sixth Sense, men har ikkje nødvendigvis vore den mest profilerte skodespelaren dei siste åra.

Sex Ed er ei slags inspirerande historie, om å få til noko, stå for noko, og ikkje la seg bli overkøyrt av andre. Ed Cole (Haley Joel Osment) strir med sitt, men taklar desse utfordringane på ein god og truverdig måte. Og sjølv om framtoninga hans er som den mest firkanta og kjedelege lærartypen, så bygger han på stereotypen karakteren hans ser ut til å vere tatt utgangspunkt i.

Sex Ed er ikkje ein film eg ville ha gått for å sjå på kino, så god er han ikkje. Men som tilbod på ei eller anna straumeteneste er det eit fint val i kategorien komedie.

P Ramani på The Critical Movie Critics (thecriticalcritics.com) er meir kritisk til manuset, men finn også noko underhaldande i at Ed blir tryggare på seg sjølv. Omtalen likar dessutan at enkelte av kvinnene får meir personlegdom enn oppskrifta tilseier. Eg får nok ut av hovudpersonen til at filmen fungerer. Det er ikkje noko stort, men dei små stega framover gjer det lett å bli med på ei elles velkjend reise.