Ein ung fyr ønsker å bli lærar. Han tykkjer at seksualundervisning er viktig, og han er jomfru sjølv. Han endar opp som lærar for ein spesialklasse, og gjer i grunn suksess med undervisninga, men møter ein viss motstand frå foreldre.
Haley Joel Osment ber fint den elles heilt greie Sex Ed på sine skuldrer. Han er som støypt for rolla han har her, med sitt halvt vaksne, halvt barnlege, uttrykk. Fyren har som alle andre blitt eldre siden The Sixth Sense, men har ikkje nødvendigvis vore den mest profilerte skodespelaren dei siste åra.
Sex Ed er ei slags inspirerande historie, om å få til noko, stå for noko, og ikkje la seg bli overkøyrt av andre. Ed Cole (Haley Joel Osment) strir med sitt, men taklar desse utfordringane på ein god og truverdig måte. Og sjølv om framtoninga hans er som den mest firkanta og kjedelege lærartypen, så byggjer han på stereotypen karakteren hans ser ut til å vere tatt utgangspunkt i.
Sex Ed er ikkje ein film eg ville ha gått for å sjå på kino, så god er han ikkje. Men som tilbod på ei eller anna straumeteneste er det eit fint val i kategorien komedie.