
Shadows and Fog
1992 og svart-kvitt. Mange kjente skodespelarar i større og mindre roller. Skoddefylt by, seriemordar, horer og sirkusfolk. På papiret har Shadows And Fog mykje for seg. Som film er det ikkje så engasjerande som det er lov å håpe på, sjølv om Woody Allen held seg i taumane og humoren handlar lite om nevrotikaren.
Eg saknar den kalde kjensla av skodde og eit mordmysterium som skulle fange meg, men eg likar bilde og alt som har med kamera å gjere. Måten kjente ansikt i biroller aldri tar stel fokuset frå filmen i heilskap. Skumlare film og meir spissfindig dialog hadde ikkje vore å fornekte.
Mordmysteriet treng ikkje vere sjølve drivkrafta, meiner Mat Brewster på The Midnight Cafe (themidnightcafe.org). Han ser det meir som eit påskot for episodar og møte mellom merkelege menneske, og har stor glede av filmen trass i den lause handlinga. Eg er samd i at bilda har mykje å gi, men humoren og møta undervegs erstattar ikkje heilt spenninga eg saknar. Den vakre innpakninga held meg berre eit stykke på veg.
