Hopp til hovedinnhold
Plakat for Shaft (2000)

Shaft

Film
2

Shaft er eit virrvarr av ein film. Han prøver å vere litt for mykje, og bommar på det meste. Det er òg ein ujamn film som går frå hastverk til kjedeleg sakte.

Med opningssekvensen og Shaft-tema framført av Isaac Hayes forsøker filmen å sette tonen. Men det er noko som skurrar.

Me blir introdusert for John Shaft, spelt av Samuel L. Jackson. Kven er Shaft? Han er kanskje ein politimann som går litt for langt. Han er kanskje ein kvinnebedårar. Men filmen torer ikkje gå spesielt langt, så eg trur ikkje på nokon av delene.

Vidare i filmen blir det mykje action. Christian Bale dukkar opp i ei solid rolletolking, og eg blir nesten skuffa over at alt rundt ikkje lev opp til hans innsats. Og Shaft-tema i ulike variasjonar pressar på i bakgrunnen. Eg tenker at lydsporet er for bra for filmen, så her blir det ein kræsj.

Så droppar plutseleg filmen nokre hakk i tempo, og eg anar ikkje kvifor. Kanskje fordi det no er alvor av ein annan type? Det blir iallfall kjedeleg, for filmen er like tynn som tidlegare.

Og kven John Shaft er har eg framleis ikkje fått taket på.

Namnet og framtoninga gjer ikkje heile karakteren. Ken Morefieldpåi 1More Film Blog (1morefilmblog.com) meiner at ein ofte ser Samuel L. Jackson levere replikkar heller enn John Shaft som eit eige menneske. Han rosar Samuel L. Jackson si tiltrekkingskraft, men saknar ei historie han kan spele mot. Det set ord på noko av problemet mitt. Filmen har mykje stil, men gir meg for lite å forstå Shaft gjennom.