
Shallow Hal
Hal (Jack Black) spelar ein overflatisk type som berre ser på utsjånaden når han går etter damer. I den manglande interessa hans for personlegdommen til damene, har han heller ikkje funne ei som han har hatt eit varig forhold til.
Så ordnar ein motivator og foredragshaldar det slik at Hal ikkje ser den faktiske fysikken til personar, men eit førestilt ytre basert på personlegdommen til personen. Likevel om han ikkje kjenner personen det er snakk om. Stort sett viser det seg at stygge blir pene, og pene blir stygge.
All mangel på logikk til side, og alle meiningar som ved nærare ettersyn er usmakelege, så er filmen plankekøyring. Formelen er kjent og fungerer framleis for romantiske komediar. Ein person i ein uønskt posisjon får livet snudd på hovudet, blir forelska, får livet snudd tilbake, og må ordne opp i forelskinga.
Det som hevar filmen så vidt over middels er effekten av mangelen på logikk, og ei lita interesse for å sjå korleis historia tilsynelatande heng saman.
Michael J. Carlisle på The Good, The Bad and The Critic (goodbadcritic.blogspot.com) er også delt. Han meiner filmen vil skape sympati med Rosemary, men at fleire av vitsane kan motarbeide bodskapen om å sjå forbi utsjånaden. Det er ei innvending som passar med dei usmakelege sidene eg nemner. Historia kan fungere etter den velkjende oppskrifta, men påfunnet som set henne i gang, blir ikkje særleg klokare av den grunn.
