Hopp til hovedinnhold
Plakat for Shanghai Knights (2003)

Shanghai Knights

Film
3

Jackie Chan og Owen Wilson er tilbake i oppfølgaren til Shanghai Noon. Denne gongen flyttar me oss til London.

Dette er ein underhaldande film, lik sin forgjengar. Ein tøysete film og det eine humoristiske innslaget etter det andre. Jackie Chan har den fysiske komiske stilen og bidrar sjølvsagt med nokon gode kampsportinnslag, og Owen Wilson bidrar med sin avslappande stil.

Historia er enkel, men ikkje det viktigaste i ein film som denne. Likevel om eg skal innrømme at med ei lengde på nesten to timar, så hadde det gjort seg om han var betre.

Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner handlinga først og fremst gir nye høve til komikk og kampsport. For han veg energien og spelegleda til Jackie Chan og Owen Wilson opp for kor tilfeldig historia er. Det er lett å forstå ut frå det eg sjølv likar ved dei to. Men eg kjenner òg ei grense for kor lenge slike innslag kan bere filmen åleine. Ei strammare historie kunne ha gjort nesten to timar med tøys endå betre.

Dette er ein film som prøver å gjere humor ut av historiske karakterar. Dette tykker eg ikkje er spesielt morosamt i seg sjølv, men Shanghai Knights gjer det heilt greitt fordi om.