Shaun of the Dead - Filmdagbok

Shaun of the Dead 2004

Det førre møtet mitt med Shaun of the Dead kom for tidleg. Før eg hadde fått sett klassiske zombiefilmar han parodierte blei det ikkje store greiene. No, omstilt og klar for å sjå dette på nytt, gav eg meg i gang.

Simon Pegg spelar ein litt distansert Shaun som blir meir distansert når dama slår opp. Parallelt med dette bryt ein epidemi ut, og gatene flyt over av zombiar. Shaun, i si eiga verda som han er, merkar ikkje desse tilstandane før dei har blitt verkeleg alvorlege. I kamp for overlevinga blir det i spedd ein solid dose god, britisk, parodisk, humor, utøvd at eit spekter av dei mest morosame skodespelarane i Storbrittannia.

At han tar heilt av skal eg ikkje påstå, sjølv om eg stilte med færre kort på handa førre gang, fekk eg litt av den same skuffande kjensla no. Det er nok fordi forventingane til filmen har blitt bygd opp igjen.

Nokon av sekvensane byggjer på ei enkel form for humor som rett og slett ikkje slår an. Eg burde ha komme med spesifikke eksempel, men er dårleg på å hugse detaljane, så det blir med det generelle inntrykket.