
Shaun the Sheep: The Farmer's Llamas
I denne halvtime lange kortfilmen med gjengen frå Shaun the Sheep, blir me med bonden og sauane til ein marknad.
Shaun lurer bonden til å kjøpe ei lita gruppe ufordragelege lamaer som berre driv med faenskap og øydeleggingar.
Det er så grufullt at sauane også går leie, og må legge ein plan for korleis lamaene kan forsvinne.
Det er ein kul sak, sjølv om det til slutt kjennest som ein litt for lang Shaun the Sheep-episode. Greia med lamaene er ei artig historie, og dei er i seg sjølv artige karakterar. Så sjølv om det dabbar litt av innimellom, så er det totalt sett ein fin sak.
Huw Fullerton på Radio Times (radiotimes.com) rosar den fysiske komedien og korleis animasjonen held på det handlaga preget. Han finn også overraskande mykje spenning i lamaene sine herjingar. Eg får glede av den same konflikten, men skulle ønske rytmen var like god heile vegen.
