Shaun the Sheep: The Farmer's Llamas - Filmdagbok

Shaun the Sheep: The Farmer's Llamas 2015

I denne halvtime lange kortfilmen med gjengen frå Shaun the Sheep, blir me med bonden og sauane til ein marknad.

Eit uhell under ein bodrunde gjer at bonden endar opp med ei lita besetning ufordragelege lamaer som berre driv med faenskap og øydeleggingar.

Det er så grufullt at sauane også går leie, og må legge ein plan for korleis lamaene kan forsvinne.

Det er ein kul sak, sjølv om det til slutt kjennest som ein litt for lang Shaun the Sheep-episode. Greia med lamaene er ei artig historie, og dei er i seg sjølv artige karakterar. Så sjølv om det dabbar litt av innimellom, så er det totalt sett ein fin sak.