
She Done Him Wrong
She Done Him Wrong kom ut like før sensuren av amerikanske filmar trådde til som verst på byrjinga av 1930-talet. Filmen er dristigare i både språk og tematikk enn Hollywood-filmen var dei neste tiåra.
Mae West er stjerna og spelar mot blant anna ein ung Cary Grant. Mae West er frekk og frisk i talemålet og snurrar mann på mann rundt veslefingeren. Utspel som «Why don't you come up sometime and see me?» krydrar filmen, men var forbode i Hollywood allereie året etter.
Likevel om filmen har ei sterk og minneverdig kvinnerolle i hovudsete, så er handlinga passe kjedeleg. Det er lite som skjer utanom snakking, og snakket fangar ikkje interessa mi før filmen nærmar seg sitt siste kvarter.
Mae West er òg hovudgrunnen til å sjå filmen for Scott Hearon på Scott’s Film Watch (scottsfilmwatch.blogspot.com). Han meiner handlinga er tynn og dei andre personane enkle, men at hovudrolleinnehavaren tek kontroll over kvar scene. Der er me mykje på linje, sjølv om han let seg underhalde meir. Det er Mae West eg hugsar, framfor historia rundt henne.
