
She Wants Me
Eg forventa ikkje mykje av She Wants Me. Filmen hadde ei kurant rangering på IMDb, så eg forventa at han skulle vere kurant underhaldning.
Kva som gjer at han feilar er ikkje vanskeleg å trekke fram. Det er enkelte delar av filmen som klart trekk ned heilskapsinntrykket. Eg startar uansett med det positive.
Skodespelarane gjer stort sett gode figurar, trass i eit tynt manus. Og historia kan i blant vere fin og søt. Det er stort sett det heile.
Det som trekk ned er for mykje tåpeleg snakking. Karakteren til Josh Gad snakkar konstant, men har eigentleg lite interessant å seie. Måten han gjer det på er god, det står som sagt ikkje på skodespelarane.
Historia er noko enkel og manuset er tynt. Det gjer at filmen blir opplevd som stagnerande, etter kvart irriterande kjedeleg, og når det opplagte konklusjonen kjem er eg klar til å trykke stopp. Ein opplagt eller lykkeleg slutt er fint, men eg er like fullt opptatt av at vegen dit er god.
Alex Saveliev på Film Threat (filmthreat.com) finn den same blandinga av søte augneblinkar og eit rotete, føreseieleg manus. Han rosar kjemien mellom Josh Gad og Kristen Ruhlin, men meiner filmen brukar for mange klisjear og ikkje heilt veit kor han skal. Det passar med kjensla mi av ein film der skodespelarane gjer meir enn historia. Dei fine stundene er der, men får ikkje nok hjelp av det som ligg mellom dei.
Filmen kjennest ut som ein som er produsert i hel. Som i utgangspunktet hadde nokon gode idear om korleis ein søt og litt trist romantisk komedie kunne vere, men som feilar fordi så mykje anna tull må bli med. Og på toppen av dette måtte filmen få ein tittel som passar omarbeidinga. Dette er ikkje noko eg veit med sikkerheit, men det er ei ordlegging av kjensla eg sit igjen med.
