Hopp til hovedinnhold
Plakat for She Wore a Yellow Ribbon (1949)

She Wore a Yellow Ribbon

Film
3

Dette er ein god film, men eg blei nok likevel litt skuffa. Han er ikkje så bra som mykje anna med John Wayne i seg. I tillegg er filmen regissert av John Ford, som gir meg store forventingar.

I blant var filmen litt treg. Det er ikkje så altfor mykje action. Kanskje det hadde hjelpt viss karakteren til John Wayne hadde hatt ei større konflikt med ein annan offiser. Eg veit ikkje.

Det er ikkje ein dårleg film. Og det er ein fin film i fargar. Men han mangla litt av mykje, så eg vel å rangere She Wore a Yellow Ribbon litt over middels.

Hunter på The Soul of the Plot (thesouloftheplot.wordpress.com) meiner handlinga er noko spreidd, men blir meir gripen av John Wayne si framstilling av ein mann som ikkje vil bli overflødig. Dei sterke fargane får særleg ros. Eg set òg pris på bileta, utan at dei veg opp for alt eg saknar i framdrifta. Det lågmælte dramaet verkar tydeleg betre for Hunter enn for meg.