Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sheffield United v Bury (1902)

Sheffield United v Bury

Film
2

Sheffield United v Bury er endå ein fotballkamp, som i motsetning til den over er sylskarp og har nesten perfekt bildekvalitet. Det morosame her er at dei har filma ei målvakt i nærare augesyn. På denne tida var denne posisjonen gjerne fylt av ein kraftig mann. Han her er faktisk småfeit. For etter at keeperen hadde hatt ballen i handa i tre sekundar kunne ein motspelar sparke han ut av hendene hans. Difor måtte keeperen vere tøff og kraftig.

Bildekvaliteten får også ros av Jandy Hardesty på Letterboxd (letterboxd.com). Ho likar både panoreringa over tribunane og dei mjuke kamerarørslene som følger spelet. Eg la særleg merke til kor skarpe bilda er, men omtalen hennar peikar òg på kor mykje sjølve kameraføringa har å seie for inntrykket.