Shenandoah - Filmdagbok

Shenandoah 1965

I Virginia, USA under borgarkrigen har Charlie Anderson (James Stewart) og dei seks sønene hans og ei dotter halde seg unna borgarkrigen. Men krigen er komme så nære eigedommen hans at familien blir påverka på den eine eller andre måten.

Charlie er eit bra menneske, han er hardtarbeidande, rettferdig og prinsipiell. Eigedomen hans er hans, og han vil ikkje ha noko med krigen å gjere så lenge krigen ikkje blander seg inn på eigedomen hans.

Men så blir den yngste sonen hans feilaktig teken til fange av styrkar frå nordstatane, og Charlie seier: «Now it concerns us».

Filmen manar heller til kritisk tenking og å stille seg spørsmål, enn berre å fordømme krig. Charlie stiller spørsmål til sønene sine, og gir dei sjansen til å avgjere sjølv om dei vil verve seg til krigen, men ikkje utan at dei tenker grundig gjennom kvifor.

Eit tema som filmen stiller seg meir kritisk til er forholda til fangane. Handlinga går føre seg mot slutten av krigen, og tida då talet på fangar i nord og sør var omtrent like, og dermed blei bytt mot kvarandre, var over. Forholda i fangeleiren som soldatane frå sørstatane blei sett i var grufulle og dødstala var enorme.

Samtidig som Shenandoah er oppløftande klar og tydeleg på ulike ståstadar, er han og dramatisk og trist omkring skjebnar til enkelte. Totalt sett er det ein fullpakka og solid film, både som underhaldning og til ettertanke.