
Sherlock Jr.
Buster Keaton er både kinomaskinist og detektiv i denne 45 minuttar korte filmen. Sherlock Jr. byr på nokon minneverdige fysisk komiske sekvensar og viser ein Buster Keaton i toppform. Mannen har ingen bowlerhatt eller bart, men er heilt der oppe i lag med Charles Chaplin, kanskje til og med betre.
At denne filmen er 85 år betyr ingen ting, humoren er tidlaus. Det einaste som ikkje strekk til er nokon få delar av filmen som drar litt ut, og får 45 minuttar til å verke lenge, men sett Sherlock Jr. i heilskap betyr det lite. Denne er i lag med The General ein appetittvekkar inn til Buster Keaton-verda.
At gagane heng saman, er eit hovudpoeng hjå Chris Edwards på Silent Volume (silent-volume.blogspot.com). Han rosar korleis Buster Keaton bygger komikken på det figurane vil, og let små detaljar få ei presis rolle seinare. Det gir ei god forklaring på kvifor det fysiske framleis fungerer. Me treng ikkje vere imponerte over alderen på filmen for å ha glede av kor tydeleg og oppfinnsamt han fortel.
