Hopp til hovedinnhold
Plakat for She's All That (1999)

She's All That

Film
3

Om She's All That er kjent for noko, så er det å vere den typiske forvandlings- og kjærleikskomedien. Zack (Freddie Prinze Jr.) blir utfordra til å gjere middelmåtige Laney (Rachael Leigh Cook) til skuleballdronning, og forelskar seg i ho undervegs.

She's All That blir gjerne referert til når det er snakk om denne type film, på godt og vondt. På den gode sida fungerer filmen fint som han er. Historia er enkel, avstikkarane er få, og skodespelarane er kjende og dyktige.

På vondt fordi filmen er lett å gjere narr av. Iallfall viss du tar vekk alt som faktisk skjer når Zack og Laney blir kjent, og sit igjen med det faktum at ho tar av brillene og brått blir pen. Mens greia sjølvsagt er at Rachael Leigh Cook har vore pen heilt frå starten av.

Men She's All That handlar om meir. Det er ingen djup film, ingen komplisert og spesielt original film, men det er ein underhaldande og morosam romantisk komedie, som godt kunne hamne på ei toppliste over ungdomsfilmar frå 1990-talet.

Sean Axmaker på Nitrate Online (nitrateonline.com) meiner dei beste augneblikka ligg i bakgrunnen og i dei små vitsane rundt den velkjende historia. Han finn leikelyst og nokre gode skodespelarar, men synest ikkje det er nok til å skilje filmen frå mengda. Eg set han litt høgare. Når den enkle romansen fungerer, treng eg ikkje at opplegget skal vere særleg nytt for å ha glede av både personane og komikken.