Om She's All That er kjent for noko, så er det å vere den typiske forvandlings- og kjærleikskomedien. Zack (Freddie Prinze Jr.) blir utfordra til å gjere middelmåtige Laney (Rachael Leigh Cook) til skuleballdronning, og forelskar seg i ho undervegs.
She's All That blir gjerne referert til når det er snakk om denne type film, på godt og vondt. På godt fordi filmen fungerer fint som det han er: Med ei enkel historie, få unødvendige avstikkarar, med kjente og dyktige folk, og meir.
På vondt fordi filmen er lett å gjere narr av. Iallfall viss du tar vekk alt som faktisk skjer når Zack og Laney blir kjent, og sit igjen med det faktum at ho tar av brillene og brått blir pen. Mens greia sjølvsagt er at Rachael Leigh Cook har vore pen helt frå starten av.
Men She's All That handlar om meir. Det er ingen djup film, ingen komplisert og spesielt original film, men det er ein underhaldande og morosam romantisk komedie, som godt kunne hamna på ei toppliste over ungdomsfilmar frå 1990-talet.